✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Tekstverdteori og elevtekstanalyse. Fagdidaktiske refleksjonar over tekstar frå NORM-korpuset

Tekstverdteori og elevtekstar
Tekstverdteori er ein forholdsvis ny vinkel på tekstanalyse, basert først på arbeidet til Paul Werth (Werth, 1999), og seinare mykje på Gavins (2007; Gavins & Lahey, 2016). Teorien utmerkar seg ved å tilby ein syntese av litterære tekstanalyse og kognitiv og/eller systemisk-funksjonell lingvistikk, og blir brukt i stilistiske og narrative studier av både litterære tekstar og sakprosa. Det finst også ein pedagogisk bruk av teorien, t.d. Cushing (2020). I Noreg har Tor Arne Haugen gripe fatt i teorien for analyse av elevtekstar (Haugen, 2023).
I mitt innlegg vil eg gå gjennom ein elevtekst frå NORM-korpuset med verktøy frå tekstverdteori. Teksten har vore gitt både som eksamensoppgåve og som arbeidsoppgåve i ulike norskemne i grunnskulelærarutdanninga ved NLA, og blir som oftast vurdert som svært mangelfull og rotete av studentane. I ei tekstverdlesing kan ein derimot både sjå nye kvalitetar i teksten og få grunnlag for ei rikare tilpassa tilbakemelding. Tekstverdteori kan på denne måten bli ein nyttig reiskap for norsklærarar med interesse for skapande tekstarbeid.
Referansar:
Cushing, I. (2020). Intervening in text-worlds: Retelling, Text World Theory and pedagogy. In M. Lambrou (Ed.), Narrative retellings : Stylistic approaches (pp. 181-197).
Gavins, J. (2007). Text world theory : An introduction. Edinburgh University Press.
Gavins, J., & Lahey, E. (2016). World building in discourse. In J. Gavins & E. Lahey (Eds.), World building: Discourse in the mind (pp. 1-14). Bloomsbury.
Haugen, T. A. (2023). Tekstverdener i elevtekst. In L. I. Aa & O. Harstad (Eds.), Elevtekstanalyser. Nye tilnærminger (pp. 31-50). Universitetsforlaget.
Werth, P. (1999). Text worlds: Representing comceptual space in discourse. Longman.
Publisert i Skapende tekstarbeid, 2026
Les artikkelen her