✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Tilbakemelding for læring på femårsklubb i barnehagen

Studien analyserer kva som kjenneteiknar tilbakemelding frå personale til barn på femårsklubb i to barnehagar. Datamaterialet består av intervju med tilsette (n = 7) og observasjonar (n = 23) frå femårsklubbar. Resultat frå studien syner at barn får mykje tilbakemelding. Dette er ulike typar av tilbakemelding. Tilbakemeldingar inneheld mykje ros og mindre informasjon om arbeidet og oppgåva. Barna får til dels mykje ros retta mot innsats og individet, medan det er lite tilbakemelding om det faglege arbeidet. Studien peikar på utfordringar og dilemma for barn si læring basert på innhaldet i tilbakemeldingar.
Publisert i FoU i praksis, 2018
Les artikkelen her