✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Trua kan ikkje optimaliserast - NLA

Å gi trua vidare til neste generasjon er ikkje eit optimaliseringsprosjekt. Ikkje ein prestasjon, ikkje ein konkurranse. Det handlar ikkje om å pusha det vesle ekstra for å fremja framifrå trusformidling.

Å gi trua vidare til neste generasjon handlar tvert imot om sjølv å leva som mottakar av det Kristus har å gi. Å oppdaga at bordbøn og kveldsbøn og undring i kvardag og helg stiller både barn og vaksne foran den Kristus som forandrar. Han som gir seg sjølv først og på uforlikeleg vis.

Trua går rett og slett ikkje vidare gjennom prestasjon og optimalisering, men gjennom levd liv. Så enkelt og så vanskeleg.
Publisert i 2025
Les artikkelen her