Utilstrekkelig: Hvorfor den nye moralen gjør de unge psykisk syke (Christian Hjortkjær, Verbum 2024)
I boka Utilstrekkelig: Hvorfor den nye moralen gjør de unge psykisk syke (Verbum 2024) vil den danske folkehøgskolelæraren og teologen Christian Hjortkjær undersøkja det han meiner er eit fenomen i tida – nemleg unge si kjensle av å vera utilstrekkelege.Den danske folkehøgskolelærarens analyse er at dagens ungdom ikkje slit med kjensla av å ha gjort noko galt, men med den motstridande kjensla av at det er noko galt med deg sjølv om du verkeleg prøver å gjera alt rett. Sjølv om du optimaliserer læring, trening, svevn, relasjonar og mat, så snik det seg likevel inn ei kjensle av at du aldri gjer nok. Du er utilstrekkeleg.
Ved hjelp av ei rekkje filosofar, sosiologar og psykologar som Alain Ehrenberg, Sigmund Freud og Slavoj Žižek – men først og fremst gjennom ei kreativ lesing av Kierkegaard – meiner Hjortkjær difor at vi har gått frå eit forbodssamfunn til påbodssamfunn. I dette kulturskiftet er det ikkje lenger frykta for å bryta reglar som styrer ungdommen, men angsten for å svikta sine ideal. Problemet er ikkje ideala i seg sjølve, understrekar Hjortkjær, men det at vi ser ut til å leva som om det er mogeleg å oppnå desse ideala. Dette skapar ei form for skamkjensle.

Publisert i Luthersk Kirketidende, 2025
Les artikkelen her