MGL5MU101B Musikk 1: Skapande prosess, akkompagnement og musikkundervisning Modul 2 (GLU 5-10)
Alle versjoner:
MGL5MU101B (2025—2026)
MGL5MU101B (2024—2025)
Emnekode: MGL5MU101B
Emnenavn: Musikk 1: Skapande prosess, akkompagnement og musikkundervisning Modul 2 (GLU 5-10)
Undervisningssemester: Haust
Steder: Bergen, Nettbasert
Studieår: 2024–2025
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 15 poeng
Enkeltemne: Ja
Opptak: Søk opptak på lokal søknadsweb
Forkunnskapskrav
Generell studiekompetanse.
Musikk 1, modul 1 må takast parallelt med eller vere gjennomført før Musikk 1, modul 2.
Anbefalte forkunnskapar
Det er ein fordel med visse forkunnskapar i musikk, som å ha noko instrumental-/vokalerfaring og å kunne synge reint.
Relevans i studieprogrammet
Valfritt emne i Grunnskulelærarutdanning 5-10.
Obligatorisk emne i årsstudium i Musikk.
Innleiing
Modul 2: Skapande prosess, akkompagnement og musikkundervisning, er den andre av to modular på 15 stp. som til saman utgjer faget Musikk 1. Det er mogleg å ta modul 1 og 2 parallelt i same semester (fulltidsstudium), eller å ta modul 1 eitt haustsemester og modul 2 neste haust (deltidsstudium). Studiet kan kombinerast med modul 3 og 4, som utgjer faget Musikk 2. Modul 3 byggjer på modul 1 og modul 4 byggjer på modul 2, så ein deltidsstudent kan gå direkte frå modul 1 til 3 og frå 2 til 4. Til saman utgjer desse fire modulane årsstudiet i musikk (60 stp.). Modul 1 og modul 2 går i haustsemesteret, mens modul 3 og 4 går vårsemesteret.
Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planleggje, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.
Modul 2 skal gi grunnleggjande innsikt i skapande prosessar i musikk, akkompagnement og musikkundervisning, samt den norske og internasjonale musikkarven og musikk som fleirkulturelt samfunnsfenomen.
Faget skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og faglege vekst og gi dei opplæring i å kunne ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med årsstudiet i musikk skal på alle nivå omfatte forskingsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksisfeltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fagområde og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgende læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om et breitt utval musikk frå ulike kulturar, sjangrar og historiske epokar og om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike samfunnskontekstar og medier
- har kunnskap om analoge og digitale læringsressursar og læringsmateriell for musikkfaget og kan vurdere desse kritisk
- har kunnskap om musikalsk ungdomskultur, media og teknologi
Ferdigheiter
Studenten
- kan synge og bruke stemma på varierte måtar og kan akkompagnere song
- kan lytte aktivt til eit breitt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar og vise kunnskap om denne musikken gjennom munnlege, skriftlege og andre uttrykksformer
- kan improvisere og komponere musikk med stemme, musikkinstrument og musikkteknologiske verktøy
- kan leie prosessar i komponering og lytting for elevar
- kan ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer og metodar for skulefaget musikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og reflektere over samanhengar mellom mål, innhald og vurderingsformer i musikkfaget
- har innsikt i musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i eit samfunn prega av mangfald
Innhald
Modul 2 gir studentane grunnleggjande, erfaringsbasert opplæring i hovedområda musisering, komponering, lytting og didaktikk.
Musisering:
Studenten skal øve på akkompagnementsinstrument (gitar eller piano) og få erfaring med korsong.
Komponering:
Studenten skal her få tileigne seg grunnleggjande ferdigheiter og få erfaring med å ta i bruk eigne skapande evner gjennom improvisering og komponering, mellom anna gjennom leik med og utforsking av musikalske grunnelement. Vidare skal studenten få innsikt i grunnleggjande musikkteori og musikalsk analyse, og få erfaring med å lage ulike typar komposisjonar og arrangement. I hovudområdet komponering inngår bruk av IKT i form av opptaksutstyr og musikkprogram.
Lytting:
Studenten skal kjenne til sentrale trekk i norsk folkemusikk, Vestens musikkhistorie og musikk frå andre delar av verda. Gjennom aktiv lytting og refleksjon skal studenten få kunnskap om musikk, både som estetisk og kulturelt objekt.
Didaktikk:
Studenten skal her få moglegheit til å tileigne seg kunnskap om musikk som fag i skulen, og bli kjent med ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk på trinn 5-10.Gjennom å arbeide med fagdidaktisk teori og metode, skal studenten få kunnskap i å kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på 5-10 og utvikle evne til didaktisk refleksjon.
Arbeids- og undervisingsformer
Studiet er samlings- og nettbasert. Det vert planlagt for tre (3) fysiske samlingar per semester av to (2) dagars varigheit, på studiestad Bergen. I tillegg kjem noko undervisning på nett og oppmøte på eksamen. På første dag av kvar samling må ein rekne med å bruke noko tid på kveldstid på musikalsk studentsamarbeid.
Nettundervisning og -kommunikasjon vil gå føre seg på læringsplattforma Canvas. Med bruk av den digitale plattforma får studentane moglegheit til meir fleksibilitet og tilgang til ulike læringsressursar som er til hjelp når studenten skal strukturere sjølvstendig arbeid. Det vil bli lagt til rette for at studentar skal samarbeide digitalt.
Studenten vil møte varierte, fleksible og studentaktive læringsmetodar, til dømes asynkrone nettleksjonar, sjølvstudium og øvingsoppgåver. Målet er meir aktive læringsformar og god arbeidsinnsats.
På studiesamlingane vil det i stor grad nyttast studentaktive læringsformar. Studentane får kroppslege erfaringar med samspel og leiing gjennom praktiske seminar. Det vert lagt vekt på at studiet skal vere eit lærande fellesskap der studentane er viktige i kvarandre sine læringsprosessar.
Arbeidsomfang
Ca. 400 timar
Arbeidskrav
Alle arbeidskrav må vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Følgande arbeidskrav inngår i studiet:
- Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som angitt i undervisningsplanen (min. 80% frammøte)
- Praksisoppgåve/undervisningsframlegg
- To arbeidskrav i musikk og kultur, samt deltaking på ekstern konsert med refleksjonsnotat
- Tre oppgåver i komponering
- Éi oppgåve i akkompagnementsinstrument
- Aktiv deltaking i førebuing og gjennomføring av to konsertframføringar, med eller utan refleksjonsnotat
Utfyllande opplysingar om arbeidskrava sitt innhald, vurderingskriterier og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i undervisningsplanen for emnet ved studiestart. Obligatoriske arbeidskrav vil bli vurdert som godkjent eller ikkje godkjent og tel ikkje ved fastsetjing av endeleg karakter for studiet. Alle obligatoriske oppgåver må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Vi viser ellers til "Forskrift om studier ved NLA Høgskolen" og «Retningslinjer for obligatoriske arbeidskrav for grunnskole- og barnehagelærerutdanningen ved NLA Høgskolen».
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent/ikkje godkjent
Avsluttande vurdering
Praktisk/munnleg eksamen i akkompagnementsinstrument og song.
Det blir gitt individuell karakter. Utfyllande opplysningar om eksamensavviklinga vil bli gitt på læringsplattforma Canvas.
Vurderingsuttrykk avsluttande vurdering
Det blir gitt gradert karakter fra A til E for bestått og F for ikkje bestått
Tillatte hjelpemiddel
Alle
Eksamensspråk
Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Progresjonskrav
Musikk 1, modul 2 må takast før Musikk 2, modul 4.
Praksis
Studentar som tar emnet som ein del av grunnskolelærarutdanning 5-10 følgjer eigen praksisplan.
Studiepoengreduksjon
Overlapping gjeld mot Musikk 1, emna i både årsstudium og GLU
Evaluering av emnet
Emneevaluering blir gjort i tråd med kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.
Andre bestemmingar
Studenten bør ha tilgang til piano eller gitar til øving, enten heime, på høgskulen eller andre stader.
Kan takast som enkeltemne
Ja
Litteratur og faglege ressursar
Book
Musikkundervisningens didaktikk
Hanken, Ingrid Maria, Johansen, Geir, Oslo, Cappelen Damm akademisk, 290 sider, [2021], isbn:9788202668150,
Kapittel 3-5, 11
View online
Book
Sangglede og stemmebruk i skolen
Anne Haugland Balsnes (1969-) (redaktør), Oslo, Gyldendal, 332 sider, 2024, isbn:9788205598652,
Kap. 7
View online
Book
Allmenn musikkundervisning : perspektiver på praksis
Sætre, Jon Helge,; Salvesen, Geir, Oslo, Gyldendal akademisk, 302 s., 2010, isbn:9788205400146,
Kapittel 13
Book Chapter
Kva skal dei lytta til? -nokre kriterium for utval av musikk?
Espeland, Magne, Kva skal dei lytta til? -nokre kriterium for utval av musikk?, Bergen, Fagbokforl, 175 s., cop. 2001, 125-136, isbn:8276747752; 9788276747751,
Book Chapter
Språk + musikk = sprusikk
Angelo, Elin, Angelo, Elin, Semundseth, Marit,, Språk + musikk = sprusikk, Oslo, Universitetsforl., S. 96-109, 2008, 96-109,
Book Extract
Det musiske menneske
Bjørkvold, Jon-Roar, Oslo, Freidig forl, 393 s., 2007, 38-71, isbn:9788299658959,
Book Extract
Musik og sprog : et udvidet perspektiv på børns sprogudvikling
Jederlund, Ulf, Århus, Modtryk, 152 s., 2003, 93-111, isbn:8773948136,
Book Chapter
Musikalitet skal udvikles
Kirk, Elisabeth, Kirk, Elsebeth, Musikalitet skal udvikles, Århus, Forlaget Modtryk, 271 s., 2006, 45-57, isbn:8773949663,
Book Chapter
Det skapende barnet
Sæther, Morten, Sæther, Morten, Angelo, Elin, Det skapende barnet, Oslo, Universitetsforl, 191 s., cop. 2012, 98-111, isbn:9788215019611,
Book Extract
Vidunderlige, deilige, grensesprengende opplevelser til gode : utviklingstrekk ved konserten - med særlig øye for konserten som arena for musikkformidling til barn
Valberg, Tony, Kristiansand, Høyskoleforlaget i samarbeid med Høgskolen i Agder, 161 s., nr 30, 2002, 66-71, isbn:8276345557,
Book
Ekko 1 : musikkorientering VK 1
Brunsvik, Geir, Oslo, Gyldendal, 360 s., 2000, isbn:8205266611,
Kapittel 3-5, 9. Finnes kun på nett: https://www.nb.no/items/8a13660111be0390ec62a96849306005?page=1&searchText=Ekko%201
View online
Book
Ekko 2 : musikkorientering VK 2
Molde, Audun, Salvesen, Geir, Oslo, Gyldendal, 356 s., 2000, isbn:9788205266643; 8205266646,
Kapittel 17-21. Finnes kun på nett: https://www.nb.no/items/9dbb60f92e5bc45ee635a695c5036967?page=1&searchText=Ekko%202
View online
Book Chapter
På tværs af musik
Fock, Eva, På tværs af musik, København, Wilhelm Hansen Musikforlag, 286 s., 2011, 172-179, isbn:9788759820155,
Book Chapter
Africa/Ewe, Mande, Dagbamba, Shona, BaAka
Locke, David, Titon, Jeff Todd; Cooley, Timothy J., Africa/Ewe, Mande, Dagbamba, Shona, BaAka, Boston, Cengage Learning, XXV, 630 sider, [2017], 99-106, isbn:1133953905; 9781133953906; 9781305868120; 1305868129,
Utdrag fra dette kapittelet.
Book Chapter
Vad är musiketnologi?
Lundberg, Dan, Dan Lundberg (1959-), Gunnar Ternhag (1948-), Vad är musiketnologi?, Hedemora, Gidlunds, 168, 16, 2002, 9-22, isbn:917844358X,
Book Chapter
Defining ethnomusicology
Rice, Timothy, Rice, Timothy,, Defining ethnomusicology, New York :, Oxford University Press, 1 online resource :, 2014., 1-10, isbn:0-19-979458-8; 0-19-979437-5,
View online
Book Extract
Musikk i perspektiv 2
Tronshaug, Hans Jacob, Tørnquist, Svein, Bergen, Fagbokforl, 353 s., cop. 2011, 212-220, isbn:9788245009156,
Fra kapittel 3 (3.14 "Ungdomskultur og musikk"), og kapittel 4 ("Hard rock - heavy rock - heavy metal" og Pønk og nyveiv (newwave)")
Book Chapter
Music of Sub-Saharan Africa
Turino, Thomas, Rommen, Timothy ; Nettl, Bruno, Music of Sub-Saharan Africa, Milton, Taylor & Francis Group, 2016, 260-273, isbn:9781138359369,
View online
Book
Soundscapes : exploring music in a changing world : pbk
Shelemay, Kay Kaufman, W.W. Norton, 2006, isbn:9780393925678,
Appendix. Classifying Musical Instruments
View online
Book Extract
Soundscapes : exploring music in a changing world
Kay Kaufman Shelemay, New York, Norton, LI, 471, 63, 2006, 48-52, isbn:0393925676,
s. 48-52
Artwork
Lytterepertoar i Musikk og kultur
Repertoaret oppgis på Canvas
Book Extract
Musikkisum 5 Lærerveiledning
Bøe, Odd-Magne, Johansen, Kai Lennert; Solbu, Tove Dahl, Oslo, Cappelen, 140, 17 s., 5, 1997, 76-79, isbn:8202163331,
View online
Book Extract
Musikkisum 6 Elevbok
Bøe, Odd-Magne, Johansen, Kai Lennert, Oslo, Cappelen, 69 s., 6, 1998, 62-63, isbn:8202171652,
View online
Book Extract
Komponering : kunnskap & kreativitet : idésamling og lærebok for lærere og lærerstudenter
Johansen, Kai Lennert, Musikk i skolen, Oslo, Musikk i skolen, 174 s., cop. 2005, isbn:8291007101; 9788291007106,
Kapittel 1: Improvisasjonsleker (s. 11-15), kapittel 2: Komponering med stemmen (s. 17-24) og kapittel 4: Pusl og Rytmen (s. 33-40)
Book Chapter
Lydbilder
Ramjord, Leiv, Ramfjord, Leiv, Ramfjord, Leiv, Lydbilder, [Oslo], TANO, 92 s., cop. 1996, 70-81, isbn:8251834252,
View online
Book Extract
Musikkteori og arrangering : innføring for lærerstudenter
Risa, Øyvind, Oslo, Universitetsforl, 154 s., cop. 2001, isbn:9788215001586; 8215001580,
Side 57, 59-65, 123-126
Book Extract
Arrangering og komponering i klasserommet
Øhrn, Konrad M., Oslo, Norsk musikkforlag, 192, 1996, 126-138, isbn:8270933376,
Fra kapittel 7: Ostinater
View online
Book Extract
Stomp : musik med krop
Holst, Finn, Berggreen, Mette, [Herning], Folkeskolens musiklærerforening, 74 s., B 458, [2002], isbn:8777615204,
Side 24-26, 40-42 og 56-59.
Book
Dybdelæring i musikk : musikalsk forståelse gjennom sansning, følelser og begreper
Furnes, Odd Torleiv, Oslo, Universitetsforlaget, 284 sider, [2022], isbn:9788215047348,
kap. 11
Document
Sangteknikk
Ingrid Mostad Bråten,
Document
Sangøvelser 1 og 2
Ingrid Mostad Bråten,
Document
Sangøvelser 3: Honningkrukken
Magni Orheim Stoveland,
Document
Sangøvelser 4: Pust og støtte - sangens motor
Magni Orheim Stoveland,
Book
Dybdelæring i musikk : musikalsk forståelse gjennom sansning, følelser og begreper
Furnes, Odd Torleiv, Oslo, Universitetsforlaget, 284 sider, [2022], isbn:9788215047348,
Kap. 16
Book
Musicking : the meanings of performing and listening
Small, Christopher, Hanover, N.H., University Press of New England, 230 sider, 1998, isbn:978-0-8195-2256-6; 978-0-8195-2257-3; 0-8195-2256-2; 0-8195-2257-0,