NLA er tildelt 1 million kroner som skal nyttast til samarbeid med kommunar og private barnehagar for å nå fleire potensielle studentar.
Dette er svært gledelige nyheiter for ei utdanning som treng større synlegheit og fleire positive omtalar, seier førstelektor og programansvarleg for barnehagelærarutdanninga ved NLA, Lill Krestin Ryland.
– Vi håpar dei auka midlane kan bidra til ein etterlengta snuoperasjon. Barnehagelæraryrket er både givande og meiningsfullt, og gir store moglegheiter til å gjere ein reell forskjell, både for barn, kollegaer og heile barnehagemiljøet.
Noreg manglar i dag over 2 700 barnehagelærarar for å kunne oppfylle pedagognorma i barnehagane. Ei styrkt rekruttering til utdanninga er derfor heilt avgjerande. Støtta til NLA Høgskolen er ein del av ei nasjonal satsing der totalt 7,2 millionar kroner blir delte ut til åtte universitet og høgskular som tilbyr barnehagelærarutdanning.
Barnehagelærarane sitt samfunnsoppdrag
I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet understrekar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun kor viktig barnehagelærarane er for framtida til barna.
– Barnehagelærarar har ein av våre aller viktigaste jobbar. Grunnlaget for moglegheitene til barna seinare i livet blir forma her. Skal vi få fleire til å velje barnehagelærarutdanning, må vi løfte fram kor avgjerande og meiningsfull denne utdanninga og dette yrket er, seier Nordtun.
Slik vil NLA bruke midlane
Ved NLA Høgskolen vil midlane bli brukte målretta for å møte behova i barnehagesektoren.
– Dette er midlar vi vil bruke til å arbeide for å få fleire inn i barnehagelæraryrket, som det i dag er stort behov for i Noreg. Vi vil også vurdere om delar av midlane kan nyttast til å tilby desentraliserte studietilbod i regionar som treng det mest, seier prorektor for utdanning ved NLA Høgskolen, Amund Langøy.
Nedgang i søknadar til barnehagelærarutdanning
Søkartala for 2025 viser ein nedgang på 15,8 prosent til barnehagelærarutdanningane, samstundes som grunnskulelærarutdanningane opplever auke. Regjeringa ønskjer difor eit tett samarbeid med utdanningsinstitusjonane for å snu trenden.
I same pressemelding peikar forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland på institusjonane si nøkkelrolle i dette arbeidet.
– Vi har teke målretta grep for å auke rekrutteringa til grunnskulelærarutdanninga, og det har gitt resultat. No må vi også motivere fleire til å søkje barnehagelærarutdanninga. Universiteta og høgskulane spelar ei nøkkelrolle i dette arbeidet, saman med kommunar og private barnehageeigarar, seier Aasland.
Brei satsing på bemanning i barnehagane
Satsinga på rekruttering kjem i tillegg til fleire større nasjonale tiltak for å styrkje bemanninga i barnehagesektoren. Regjeringa prioriterer nær 500 nye studieplassar på ABLU-ordninga for tilsette utan formell utdanning i barnehagen, og har sett av over 1,8 milliardar kroner til betre bemanning i barnehagane i 2026. Midlane skal bidra både til å rekruttere fleire barnehagelærarar og til å halde på kompetente tilsette.
Viktig løft for NLA
– For NLA Høgskolen betyr tildelinga ei viktig styrking av arbeidet med å utdanne fleire barnehagelærarar, til beste for barn, barnehagar og lokalsamfunn i heile landet, understrekar Langøy.




.jpg)

